Reklame, samfunn og etikk

Som forbrukarar treng vi alle sakleg informasjon om varer og tenester, slik at vi kan føreta fornuftige kjøp. /Marknadsføring/ i form av aktivitetar som går ut på å dirigere varer og tenester frå produksjon fram til forbrukarar er ønskjeleg og nødvendig i samfunn med høgt utvikla arbeidsdeling og spesialisering. Dette betyr likevel ikkje utan vidare at vi treng /reklame/, som kan definerast som all kommunikasjon via eit massemedium som er betalt av ein identifiserbar sendar og føreteke ut frå det føremål å fremje salet av varer eller tenester.

Reklamebransjen undersøker kva for behov og kjensler, medvitne som umedvitne, som det kan appellerast til. Målet er vanlegvis profittmaksimering. Verknadene for alle oss som ikkje nyt godt av ekstraprofitten er stort sett negative. Reklamen kan skape nye behov som er kunstige og falske. Vi omgjev oss i stadig større grad av gjenstandar som eigentleg er unyttige. Reklamen stimulerer til kjøpepress og forbrukarmentalitet. Mange kjenner seg mindreverdige avdi dei ikkje er i stand til å leve opp til dei reklamebaserte standardane, og andre vert gjeldsslavar for livet fordi dei kjøper og forbruker meir enn dei har råd til. Reklamen fokuserer på det uvesentlege og trivielle, og avleiar merksemda frå viktige samfunnsproblem og eksistensielle spørsmål. Den verkar ofte fordummande, forflatande og forsimplande, og fremjar ideal og verdiar av tvilsam karakter (jamfør til dømes dei kvinnlege venleiksideala). Det er tale om åndeleg forureining og støy. Trass i alle desse skadeverknadene, og mange andre, bruker norsk næringsliv årleg meir enn 10 milliardar kroner på påverknad via reklame. Dette skjer i ei tid då det vert skore ned på dei mest nødvendige tenester innan til dømes helse- og sosialsektoren.

Det er nok illusorisk å tru at reklamen kan avskaffast under kapitalismen. Men alt no burde alternativ marknadsføring i form av statleg produktinformasjon drøftast seriøst. Det viktigaste i dag bør likevel vere å skape ein brei folkefront mot skadeleg reklame. Reklameindustrien si makt må vengeklyppast, slik at dei mest destruktive konsekvensane for helse, velferd og kultur kan unngåast. Heldigvis startar vi ikkje heilt på bar bakke i Noreg. Vi har alt fått sett ein stoppar for reklame for tobakk og rusmidlar. Kampen mot skadeleg reklame kan gjerne ha som første mål å unngå reklame for barn.

I Bergens Tidende 27. september d.å. kan vi lese at norsk næringsliv skal på kurs for å lære å marknadsføre seg best mogeleg overfor barn. Norske barn si kjøpekraft, også gjennom påverknaden deira på foreldra, er for stor til at næringslivet kan sjå bort desse konsumentane, heiter det. Om nokre veker arrangerer European Business Centre (EBC) kurset "KIDS (0-13 år). Har du råd til å overse dem?". Næringslivet legg her for dagen eit særs kynisk menneskesyn, der heller ikkje barna skal skjermast for reklamepåverknad i profitten si teneste. Foreldre sitt ønske om at barna skal ha det best mogeleg, og ikkje lide ved å vere avvikande i forhold til andre barn, skal tydelegvis utnyttast til det ytterste. Eit auka reklamepress vil gjere det vanskelegare for foreldre å setje grenser for barna, og vil bidra til auka disharmoni i mange heimar. Mange småbarnsforeldre slit med ein anstrengt økonomi, og den nemnde reklamepåverknaden vil strø salt i opne sår. Den sosiale ulikskapen vil bli forsterka, ved at barn frå familiar med veik kjøpekraft vil kjenne seg fattigare. Rikmannsbarna vil derimot få styrka sjølvkjensle ved at dei kan skaffe seg tilgang til gjenstandar og aktivitetar som gjev status og prestisje, og som er eksklusive i den forstand at mange må unnvere dei.

Norges Kommunistiske Parti vil be alle ansvarlege enkeltmenneske og organisasjonar om å setje reklamen på den politiske dagsordenen, og slutte rekkene i kampen mot reklamen sine verste utvekster. Stopp reklame mot barn!. NKP bed særleg regjeringa og Verdikommisjonen om å ta opp desse spørsmåla og iverksetje dei nødvendige tiltak.

Kjell Underlid
sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!