Karl Marx hadde rett

Verdssamfunnet er inne i ei djup økonomisk krise. Det begynte i Japan, og spreidde seg vidare til andre asiatiske land. Indonesia, som inntil nyleg vart omtala som ein av dei sju tigrane, minner i dag meir om ein liten og hjelpelaus pusekatt enn ein tiger. Millionvis er alt kasta ut i arbeidsløyse, svolt og fattigdom i kjølvatnet av krisa - i Indonesia og andre stader i Asia. I Russland maktar dei ikkje å betale ut løner til arbeidsfolk, og dei sosiale velferdsordningane er raserte. Levealderen har gått ned med sju år sidan Sovjetunionen vart oppløyst. Kapitalismen var ikkje ei lykke, men snarare ei forbanning for nabolandet i aust.

Også den amerikanske økonomien er truga, ikkje minst som ei følge av at krisa ser ut til å ha nådd Sør-Amerika. Jamvel i Noreg, med sin sterke, oljebaserte økonomi, merkar vi kriseteikna. Forskarar kan til dømes opplyse at om lag 70 000 norske familiar har alvorlege betalingsproblem - like mange som i 1980-åra. Det er særleg dei høge rentene som gjer livet vanskeleg for mange hushaldningar. Norske økonomar spår stigande arbeidsløyse alt til neste år.

Kva det endelege utfallet av den økonomiske krisa vil bli her til lands og i verda elles, er det vanskeleg å seie noko sikkert om. Men stadig fleire ekspertar samanliknar med den store depresjonen frå 1929 og utover i 1930-åra, sjølv om mangt er annleis i dag.

Kva er det som har skjedd? I mange år gav leiande økonomar uttrykk for at kapitalismen nærast var blitt krisefri. Dei økonomiske krisene var noko som høyrde fortida til, og som ikkje ville gjenta seg. Etter samanbrotet i Sovjetunionen og Aust-Europa vart det kapitalistiske systemet hylla i euforiske vendingar. Det vart omtala som det beste av alle tenkjelege system, som naturgitt, uavvendeleg og nesten feilfritt. Somme meinte jamvel at vi no kunne setje eit punktum for historia: Kapitalismen var kommen for å bli, for evig tid!

I dag ser det likevel ut til at det er kritikarane av kapitalismen som skal få rett. Her stiller Karl Marx i første rekke. Å gje ein omtale av denne geniale tenkjaren sine bidrag er sjølvsagt uråd i eit kort avisinnlegg. Marx var både filosof, økonom og historikar på ein gong, og mykje meir, og makta attpåtil å smelte saman bidraga sine frå ulike fagområde til ei omfattande lære, som vi i dag kallar marxismen. I denne samanheng (som gjeld økonomisk krise) bør nokon kvar merke seg Marx sin påstand om at kapitalismen aldri kan bli krisefri avdi dei økonomiske krisene nettopp er eit integrert aspekt ved dette samfunnssystemet. Han spådde at kapitalismen stadig vil avle sykliske overproduksjonskriser av systembetinga årsaker.

I den internasjonale bestseljaren «Globaliseringsfellen» viser dei to kjende Spiegel-journalistane Martin og Schuman at Karl Marx hadde rett i det meste. Vi kan her lese at verdsøkonomien er i hendene på eit fåtal multinasjonale storselskap og finansieringsinstitusjonar (monopokapitalisme), at dette systemet er eit alvorleg trugsmål mot demokrati og velferd, at produksjonskapasiteten er enormt overdimensjonert i forhold til avsetnaden (overproduksjonsproblematikk) og mykje meir.

Kva kan, bør og må gjerast i ein slik situasjon? For det første må det førast ein vedvarande forsvarskamp mot monopolkapitalismen sine mange framstrøyt for å utvide maktgrunnlaget sitt. Den såkalla MAI-avtalen, som det er blitt arbeidd med i løynd, vil etablere eit juridisk overbygg for den internasjonale storkapitalen, slik at den skal kunne operere heilt fritt over heile verda og utan å måtte bry seg med krav om demokratisk innsyn, styring og kontroll nokon stad.

For det andre må storkapitalen si makt avgrensast. Planøkonomi må igjen setjast på den politiske dagordenen av folkevalde organ, fagrørsla og andre. Det gjeld om å skape eit utvida demokrati, eit demokrati som også gjeld for det økonomiske liv.

For det tredje må vi søke etter eit nytt økonomisk system der menneska sine behov vert sett i høgsetet framfor jakta på maksimalprofitt. Vi treng sosialisme.

Men det hastar. Kapitalismen har tidlegare løyst krisene sine ved å føre krig. La ikkje syklusen høgkonjunktur - økonomisk krise - krig - høgkonjunktur få gjenta seg. Krigsførebuingane mot Kosovo er her eit varsel om kva som kan ventast om ikkje kapital- og militærmakta vert møtt med sterk folkeleg motstand og klare alternativ.

I denne gode striden kjem ein ikkje utanom den store tenkjaren Karl Marx, som er meir aktuell enn nokon gong før. Men ver på vakt mot «forstå-seg-påarar» som forvrenger og forenklar marxismen til det ugjenkjennelege. Det beste er ofte å gå til primærkjeldene: Les kva Marx sjølv skreiv og bli klok og handlingsdyktig!

Kjell Underlid
Sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!