Flate for Hagens samehets

Skrevet . Publisert i 2000

Redaksjon 21 den 08.02. vart ei forstemmande forestilling. Knut Olsen og Thorbjørn Jagland hadde sette seg føre å "ta" Hagen på "fremmendfrykt", og plassere han i lag med Haider. Det mislyktes, da Hagen har begynt å forstå at fremmendfrykt ikkje lenger gir stemmer. Og når det gjaldt Haider, fekk Hagen utan tvil inn ein fulltreffar da han sa, med god bakgrunn i fakta, at "Haider vil bare innføre samme innvandringspolitikk i Østerrike som Arbeiderpartiet går inn for i Norge"! Men Hagens sanne karakter kom fram da han begynte å sjikanere samane. Han snakka om "vanlige folk i Finnmark" som er redde for "samiske ekstremister".

Dette er å snu saka på hodet. Det er nemleg på "norsk" side vi finn folk som trugar med at "det kan komme til væpna oppgjør dersom samane får rett til land og vatn". Bortsett frå at dei samiske leiarane krev at Norge skal oppfylle ILO-konvensjon 169, har dei uttala seg svært moderat, og dei vil gi alle som bur i Indre Finnmark lik rett, uansett etnisk opphav.

Det er to andre sentrale personar i det norske samfunnet som også har sagt at "den norske staten er grunnlagt på territoriet til to folk, det norske og det samiske." Dei to er høgsterettsjustitiarius Carsten Smith og Kong Harald. I følgje Hagen skulle altså dei to vere "samiske ekstremistar"!

Vi ventar ikkje betre av Hagen. Og Knut Olsen var jo på Finnmarksvidda for eit par år sidan for å leite etter "samisk ekstremisme".

Men det verste og mest oppsiktsvekkande er at Thorbjørn Jagland, som framleis aspirerer til å bli statsminister i det landet som Kong Harald beskriv, ikkje er i stand til å sjå at det er himmelvid forskjell på kritikk av innvandrargrupper og hets mot vår samiske urbefolkning, som vi har gjort urettar mot i fleire hundre år.

Det er faktisk heilt parallelt til det Haider gjer mot jødane. Dei har budd i Østerrike i meir enn tusen år, akkurat som samane har gjort i Nord-Norge. Det kan derfor ikkje vere "fremmendfrykt" som har ført til verken anti-jødisk eller anti-samisk hets. Både politikarar og media i dette landet må snart lære seg at "fremmendfrykt" og "rasisme" slett ikkje er det samme. Den verste og mest valdelege rasismen har alltid utspela seg mellom folkegrupper som har kjent kvarandre i hundrevis av år. Dei har kjent kvarandre som undertrykkar og undertrykt.

Rasismen blomstrar alltid sterkast og mest brutalt hos den folkegruppa som har vore undertrykkar, når dei undertrykte begynner å krevje rettferd. Slik var det overfor dei svarte i Sørstatane og i Sør-Afrika, overfor kurdarane i Tyrkia, karenfolket i Myanmar osv.

Og det er på akkurat samme måten i Finnmark. Det er det på tide at norske politikarar og media begynner å begripe. Ein statsministerkandidat som ikkje forstår dette, står til stryk.

Hartvig Sætra

Utskrift