Blitzkrig mot miljøet rammar Nordkalotten.

For andre gong på tre år druknar Nord-Norge i snø. Kva veit vi om årsakene til desse rekordmengdene av vinternedbør på Nordkalotten?

Allereie i 1974 spådde det internasjonale meteorologiske senteret i Reading, England, at drivhuseffekten kunne føre til ein "snø-blitz" mot Nord-Norge, og at breane kom til å vekse trass i stigande temperatur.


Sjelden har ein vitskapleg prognose slått betre til enn denne. Derfor er det ingen grunn til å tvile på at "snø-blitzen" i nord er eit resultat av menneskas generelle blitzkrig mot miljøet. Og hovedårsaka ligg i den raske avbrenninga av fossile karbonsambindingar som kol, olje og gass i det hundreåret som nyleg tok slutt. Og som vi kjem til å forsere i det nye hundreåret ved å bygge gasskraftverk.

Både snøstormane i nord og regnstormane i Mozambique har altså samme opphav. Men som elles når det skjer miljøkatastrofar, er det ikkje dei skuldige som betaler skadane. Det er sakeslause folk som blir råka. Og mens det er dei rike i globalsamfunnet som brukar ressursane og nyt godt av fordelane, er det vanlegvis dei fattige som må bere utgiftene.

I økonomisk teori snakkar vi om "ekstern-kostnader" når det er slik at ei verksemd fører med seg utgifter som ikkje kjem til syne i rekneskapen, men blir lasta over på andre menneske, på deira eigendommar eller næring.

Bilismen er ein sektor som nyt enorme fordelar av at andre må bere ekstern- kostnadene. Forutan dei vi alt har vore inne på, kan vi også nemne forsuring av miljøet, spreiing av kreftfarlege stoff, øydelegging av skog og dyrkingsjord for å bygge vegar, og ikkje minst dei enorme sosiale og økonomiske belastningane frå trafikkulykkene.

Ein stor del av eksternkostnadene blir skuva framfor oss, og råkar dei neste generasjonane. Dei må dessutan ta den ekstra belastninga å finne nye drivstoff når olje og gass tar slutt.

Amerikanske økonomar rekna ut allereie i slutten av åttiåra at dersom bilismen skulle dekke alle sine eksternkostnader, burde bensinprisen vere 6,5$ pr. liter, om lag 42 kroner! Når vi da hører jamringa frå bilorganisasjonane i Norge over ti kroner literen, verkar det småleg. Men enda verre blir det når amerikanarane klagar over fire kroner literen!


Slik det er i dag, kostar bensinen mest i utkantane. Dette har sitt opphav i konkurransen mellom oljeselskapa, ikkje i statens avgiftspolitikk. Dersom staten tar mindre avgifter i utkanten, kan selskapa tappe ut ein del av dette mellomlegget og bruke det for å subsidiere enda verre priskrig i byområda, spesielt i Oslo-området. Dessutan er bensinavgiftene ein kompensasjon for bilismens og flytrafikkens eksternkostnader. Å lette på avgiftene blir derfor reelt sett å auke subsidieringa av bruken av fossilt brensel. Slik det er allereie nå, er subsidiane til persontrafikk og trailertransport eit enormt sluk som set jordbruket og verftsindustrien totalt i skyggen.

I staden for å lette avgiftene i distrikta, må vi auke dei i sentrum. Men da "sentrumsbilistar" kan kjøre langt av stad for å fylle opp tanken billig, må vi ikkje auke bensinprisen. Bilane i visse bustadsonar bør derimot få plombert kilometertellar og avgifter pr, kjørt kilometer. Da vil det også bli mindre fordelaktig å dra til Sverige for å handle billeg. Til gjengjeld for dette kunne vi sløyfe årsavgifta over heile landet. Det er ei avgift som er uavhengig av drivstoffbruken, derfor bør den takast bort.

Det er i dag mykje unødvendig bilkjøring også i Utkant-Norge, trass i høge bensinprisar. Det er betre å bruke bilavgiftene til kollektivtransporten og til skattelette for dokumentert nødvendige transportar.

Dessutan er bensinen, sett i forhold til levekostnadsindeksen, lågare i dag enn på seksti- og syttitalet!

Solidaritet med dei som er utsett for snø-blitz?

Dei kommunale budsjetta i nord, som frå før var tøygd til yttergrensene, er nå sprengt av snømengdene. Årsakene ligg ikkje hos udefinerte "værgudar", men hos dei som aukar dei rikes komfort ved å brenne av billege fossile brennstoff.

Når skal desse gjere opp rekninga for seg?

Hartvig Sætra

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!