NKLs svik mot Nord-Norge

Vi har nettopp sett eit sterkt utspel frå ein nordnorsk fiskekjøpar om at Nord-Norge blir utarma, fordi både fiskekonsesjonar og råstoff hamnar sørpå. Ein stor del av det ubearbeidde råstoffet går direkte til EU-landa Danmark og Sverige. Så får vi ferdigvare tilbake derfrå til nordnorske frysediskar, ofte med misvisande firmanamn, slik at det skal sjå ut som om varen er produsert i nord. For eksempel er det noko som heiter "Nordkyn Produkter". Alle som ser på namnet, trur sjølvsagt at produksjonen har skjedd i Finnmark. Men nei! Med små skrift står firma-adressa: Ytre Enebakk!

"Nordkyn Produkter, Ytre Enebakk" - det smakar av vill parodi med Heide Steen som tyristsjef Johansen. Men det er faktisk ramme alvor! Og dette er ikkje det einaste eksempelet: Lofot-postei blir produsert i Bergen og Svolvær-postei i Fredrikstad, og diverse "ishavsprodukter" er produsert av Frionor i Trondheim eller Sverige. Lofoten fiskesuppe er produsert i Bergen. Og vi kunne halde fram ei god stund på samme vis, dersom vi undersøker hyllene og frysediskane i nordnorske butikkar.

Som medlem i Forbrukarsamvirket må eg dessverre vedgå at NKL er den verste svikaren mot Nord-Norge. På ein tilfeldig dag i Målselv fann eg berre litt saltfisk som var produsert i nord. Alle andre fiskeprodukt med prangande nordnorske namn var produsert heilt andre stader. Etter at dei har vore dobbeltkjørt med trailer i dagevis, i ei skodde av CO2-utslepp og med tvilsam oppbevaring og omlasting. Det er ikkje stort igjen av det "friske nordnorske" når denne prosessen er over.

Dersom begrepet " falsk markedsføring" skal ha noka meining, må det vere her. Reagerer dei ikkje på dette, kan vi legge ned Forbrukarrådet like godt først som sist.

Men dette grove misbruket av nordnorske namn viser ein ting: Dersom ein kan dokumentere at ein fiskevare verkeleg er produsert i nord, vil dette vere ein stor styrke for produktet, også i Sør-Norge og i utlandet. Det er derfor eit firma lar "Nordkyn" lyse på framsida, mens "Ytre Enebakk" blir gjømt bort på baksida. Ein skjemmes av den rette samanhengen, og er redd for at kunden skal oppdage sanninga.

Men så spør vel mange: Dersom det ikkje foregår produksjon i Nord-Norge, må vel forretningane ta det dei får?

For å kontrollere dette, drog eg til Rimi i Målselv. Der var det samme trasige vareutvalget som på Prix, med eitt unntak: Dei hadde fleire fiskesortar frå mange nordnorske firma. Fornøgd drog eg heim med steinbitfilet frå Bøstad i Lofoten. Men først konfronterte eg det lokale Prix med saka. Kunne ikkje dei gjere likeså? Da sa dei: "Det er NKL sentralt som styrer oss. Skriv til styret. Vi kan ikkje gjere noko."

Jaså? Har dei tilsette i NKL total munnkorg? Kva slags firma er eigentleg NKL, som tvingar sine folk til å teie still om kundane sine reaksjonar? Det er uprofesjonell kundebehandling. Slikt smertar oss som eit langt liv har oppfatta samvirkelaga som arbeidarrørslas butikkar. Her i Nord-Norge har NKL vore spesielt viktig for mange små lokalsamfunn.

Men det var før, det. Nå går firmaet i spissen for ei sjikanøs behandling av landsdelen. Og for bygder der Prix er einaste butikk, er det vanskeleg å skifte over når det einaste alternativet er dei som i mangedobbelt forstand "gjør den norske landsbygda billigere".

Eitt er i alle fall sikkert: Dersom nordnorske forbrukarar ikkje bryr seg, vil dei undergrave sin eigen landsdel, og bygda rundt oss vil råtne vekk. Mens vi sparer nokre få kroner i butikken, vil tusenlappane umerkeleg flagre ut gjennom pipa; for når bygda døyr, svinn verdien av huset inn til ingenting.

Framleis heiter det så pent at NKL blir demokratisk styrt av medlemmene. Men i realiteten er det "konkurransen" som styrer. Det er når vi legg varer i handlevogna at vi lar oss påvirke, og vi avlegg stemme ved kassa-apparatet. Dersom vi ikkje etterspør varer og tenester som gagnar vår eigen landsdel, stemmer vi i realiteten for at skolen og posten skal leggast ned, for at vi skal miste jobben, og for at huset vårt skal stupe i verdi.

Bør ikkje nordnorskingane bli litt meir egoistiske og innstilt på eigeninteresse? I så fall bør forretningskjedane få merke det, spesielt NKL, fordi vi ventar meir av dei enn av andre.

Harvig Sætra
Norges Kommunistiske Parti

Utskrift E-post

Norges Kommunistiske Parti

 Bokmål -  Nynorsk -  Engelsk

Besøksadresse  Helgesensgate 21, Oslo
Kontaktskjema finner du her Distriktene finner du her
Postadresse Kiledalen 21, 4619 Mosby

Organisasjonsnr: 985 002 967 - Telefon: 994 51 476 (leder) - Kontonr: 7878 05 37247

ARBEIDERMAKT
MOT KAPITALMAKT!