Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser1998

Asyl i Noreg?

Norske styresmakter skryter stadig av at det vert ført ein human og liberal asylpolitikk her til lands. Er dette sant?

La oss sjå nærare på ei konkret og særs aktuell enskeltsak. I Bergen sit ein ung asylsøkar i kyrkjeasyl. Det er Bergen kristelig studentforbund som gjev mannen husrom og elles sørger for at han overlevar - psykisk og fysisk. Det er også oppretta ei støttegruppe for asylanten.

Bakgrunnen for at asylsøkaren oppheld seg i eit kapell, og ikkje går fritt omkring i gatane i Bergen, er at søknaden hans om asyl vart avslått ved utlendingsdirektoratet sitt vedtak sist vinter. Vedtaket vart påklaga men klaga vart avslått i mai. Politiet har utfra vedtaka gitt mannen frist til 5. juni til å forlate landet. Asylsøkaren er redd for at familien hans i heimlandet vil bli utsett for vald dersom saka og identiteten hans her vert kjend. Vi kallar han difor her for NN.

Kven er så denne mannen? Han er fødd i Pakistan i 1975. Som 14-åring vart han kidnappa og halden som slave på ein krydderfabrikk i fem år av to menn. Her vart han piska, torturet og utsett for seksuelle overgrep. Arra på mannens rygg ber tydelig preg av grov mishandling.

På bakgrunn av desse påkjenningane fann han ut at han ikkje lenger kunne vera Shia-muslim. Han makta ikkje vere knytt til ein religion der fysisk avstraffing var ein del av religionsutøvinga (eller var grunngjeve og legitimert religiøst). Han skifta trusretning og vart Ahmadiyya-muslim. Etter denne konverteringa mottok han sterke trugsmål frå sentrale personar i lokalmiljøet sitt. Etter dette torde han ikkje lenger å gå ut på gatene i Pakistan og heller ikkje kontakte styresmaktene eller politiet.

Han har tidlegare blitt arrestert av politiet og vart halden i varetekt gjennom ein periode på tre veker. I denne perioden vart han slått under beina, inne i handflatene, og fleire gonger slått i hovudet med geværkolber. Illgjernigsmennene var pakistanske polititenestemenn. Då heimen hans seinare vart oppsøkt av Shia-muslimer som var ute etter å staffe han fordi han hadde trekt seg frå deira religiøse gruppe, greidde han å skaffe seg turistvisum slik at han kunne rømme til Noreg. Familien hans i Pakistan har fleire gonger blitt utsett for fysisk vold og trugsmål frå lokale Shia-muslimer avdi dei trur at familien løyner han.

Denne mannen vil altså norske styresmakter sende heimat til Pakistan. Grunngjevinga er at han ikkje kan dokumentere det han har vore utsett for. Dette er sjølvsagt eit heilt urimeleg krav. Konvensjonelle dokumentasjonskrav kan nok vera på sin plass når Ola Nordmann til dømes søker jobb (i for av attester, vitnemål o.a.). men ein kan då ikkje kreve dette av undertrykte og forfølgde menneske som lyt røme frå heimlandet sitt. Vart slik krav stilt til norske motstandsfolk som laut rømme til Sverige eller England under siste verdskrig?

NN slit i dag med store psykiske helseproblem som sjølvsagt har samanheng med det han har opplevt og den aktuelle livsituasjonen. Styresmaktene legg ikkje vekt på dette, og dei har heller ikkje behandla saka hans på ein grundig og heilskapleg måte. Eg skal her la formaljussen ligge - det ligg utanfor mitt kompetanseområde. Men behandlinga av denne saka vitnar om dårleg skjøn, ei lite human innstilling og er djupast sett umoralsk.

Regjeringa har oppretta ei verdikommisjon, men står sjølv for ein beint fram umenneskeleg praksis i denne saka. Ein kan saktens innvende at dette berre gjeld eit enkeltståande tilfelle. Men for det første skal vi aldri gløyme det enkelte menneske. For det andre har saka prinsippiell betydning, og ho er dessverre ikkje eineståande. Det finns mange liknande saker.

Eg fekk nyleg høve til å møte denne mannen i kyrkjeasylet. Eg måtte spørje meg: Kor mykje skal til for å få asyl i Noreg? Å møte blikket hans vart for meg ei sterk påminning om kor hjartelaus norsk asylpolitikk er. Men møtet vekte også tankar og førestillingar om religiøs og økonomisk undertrykking og behovet for ei ny økonomisk verdsordning tufta på demokratiske rettferdsprinsipp.

16 september 1998

Kjell Underlid
Sentralstyremedlem i Norges
Kommunistiske Parti (NKP)