Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser2000

Bioteknologiske firma i djup krise

Etter WTO-fadesen i Seattle først i desember, kunne Information melde den 17.12.99 at verdas leiande firma på sprøytemiddel, frø og genspleisa planter, det amerikanske Monsanto, nå er i djup krise. Aksjekursane er i fritt fall, både i dette firmaet og fleire andre, fordi ni internasjonale advokatfirma har reist sak mot konsernet på vegne av seks bønder. Dei anklagar Monsanto for å søke monopol på heile verdas frøforsyning, og for å ha marknadsført genspleisa mat utan at risikoen for helse og miljø er skikkeleg undersøkt.


(Illustrasjonsfoto)

Både opinionen og forbrukar-interessene har reagert mot Monsantos hardkjør for genspleisa mat, og spesielt har nok oppslaget om massedød blant larvane til kardinal- sommarfuglen på grunn av genspleisa mais fått opinionen på gli.

"Monsanto overlever ikkje", seier den kjente britiske miljørådgjevaren John Elkington. Han kallar Monsanto "ein dødsseglar". Men også dei andre gigantane - Du Pont, Dow Chemicals (dei med gassen i Vietnam), Novartis (dansk) og AstraZeneca er ille ute i kjølvatnet av Monsantos snarlege forlis. Information ser ikkje ut til å tru at USAs regjering vil hjelpe sin tidlegare yndling Monsanto.

Dersom spekulasjonane i Information viser seg å slå til, vil det nye tusenåret starte med miljørørslas største siger inntil nå over Den overnasjonale kapitalen. Det er så løfterikt at ein nesten ikkje tør tru på det.

Hartvig Sætra