Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser1999

Cuba, utdanning og norsk politikk

Cubas grunnskuleutdanning fekk høgaste utmerking for kvalitet av alle latinamerikanske land - 350 av 400 mulege poeng - i ein UNESCO-studie av regionen. Studien vart utført i matematikk og språkfag. Det latinamerikanske testsenteret prøvde 4000 elevar i 100 vilkårleg valde skulolar i 14 latinamerikanske land.

"Dette resultatet ville vi aldri oppnådd gjennom førti år utan revolusjonen", sa den cubanske utdanningsministeren Luis Ignazio Gómez til det internasjonale pressesenteret i Havana.

Studien nemner spesielt Cubas innsats for å undervise handicappa elevar. Slik undervisning fanst ikkje før revolusjonen. Nå får 55 000 handicappa barn spesialundervisning, både i vanlege skolar og spesialskolar. På grunn av dette er Cuba tildelt Kongressen for Førskole- og Spesialskoleundervisning i år 2000. Utdanning for alle var eit av dei revolusjonæres fremste mål, heilt frå åtaket på Moncada-garnisonen i 1953. På den tida gjekk mindre enn 50% av barna i skole, og over 30% var analfabeter.

I sin tale under rettsaka etter Moncada-affæren sa Fidel: "I eit land der bøndene ikkje eig jord, er det lite bruk for landbrukskoler, og i eit land utan industri er det lite bruk for teknisk utdanning". Revolusjonen jordreform i 1961 vart derfor følgt opp med ein massiv leseopplæringskampanje. Og dei måla UNESCO har sett opp for Latin-Amerika i år 2002, oppfylte Cuba for alt 30 år siden.

Trass i blokaden aukar skolebudskjettet for kvart år. Alle barn er i skole, og i "ungdomskolen" går 95%. Av desse går nesten alle over i vidergåande skole. Cuba har ein lærar pr. 40 innbyggarar, mot ein pr. 103 i global gjennomsnitt. 75% av lærarane er fullt universitetsutdanna, mot 30% på verdsbasis. Det er også etterutdanningsprogram for heimestudium, og høve til å ta sabbatsår.

Mens Cuba hadde berre tre universitet i 1958, er det nå 47. Ministeren la i si nyttårsoversikt stor vekt på kostskolane på landsbygda for byungar, der arbeid og lesing blir kombinert. Det er ein hundre år gammal tanke fra "Cubas Wergeland", José Marti, og det er mange land som ønskar å gjere noko liknande. Nå er det 750 slike skolar, med 318 000 elevar.

Ministaren er spesielt stolt av Cubas medisinske utdanning - og med rette. Cuba har nå 1400 legar og sjukepleiarar i 50 land. Flest er det i Sentral-Amerika og Haiti med 880. Talet omfatter spesialistar i biokjemi, mikrobiologi, urologi, hematologi, intensiv pleie, ortopedi, nevrologi m.m. Landet tar i januar månad mot 1000 studentar frå regionen til spesialistutdanning. Denne skal omfatte i alt 5500 over ti år. Desse eksempla viser klart at landet ikkje viser teikn til å falle i hop slik mange vestlege medier hevdar.

I utkant-Norge, særleg i Nord-Norge er det mange kommunar som knapt har ein einaste norsk-utdanna lege. Kanskje vi har litt å lære av Cuba.

Hartvig Sætra