Hanne Sophie Greve til forsvaret av "Slaktaren"
Som Observer påviser, vart Kambodsja under Heng Samrin og Hun Sen totalt boikotta av Vesten og FN. Det var berre Vietnam og Warszawapakt-landa som gav hjelp til det maltrakterte landet, inntil Redd Barna og det engelske OXFAM trassa boikotten i 1982. Dei vart da truga av Thatcher-regjeringa med at dei kunne bli fråtatt lisensen som humanitære organisasjonar! OXFAM måtte trekke tilbake eit par bøker som avslørte Vestens hyklerske forhold til landet (bl.a. Ewa Mysliewic: "Punishing the Poor"). Det var politisk sensur av grovaste kaliber.
Også i Norge hadde redd Barna eit anstrengt forhold til UD på grunn av sitt engasjement. Men etter kvart som dei større norske avisene blei meir nyanserte (etter 1984), fekk RB større armslag.
All hjelp frå det offisielle Norge gjekk gjennom FN til flyktningeleirane på den thailandske sida av grensa. Observers John Pilger og ei rekke andre journalistar har avslørt at desse leirane var totalt dominert av Pol Pots folk, og at det aller meste av hjelpa kom Pol Pots bande til gode.
Det er vel få i dag som veit at ein av dei som var med på å styre desse leirane og distribuere hjelpa, var Verdikommisjonens tidlegare leiar, Hanne Sophie Greve. Ho har sjølv vedgått at ho på den måten var med på å hjelpe Pol Pot, og dermed forlenge borgarkrigen i Kambodsja. Men ho unnskyldte seg med at "Hun Sen og hans regjering var like ille som Pol Pot."
Hanne Sophie Greve ville sikkert bli eit framifrå forsvarsvitne for "slaktaren" Ta Mok, ved at ho samanliknar han og hans folk med landets folkevalde statsminister! Elles vil vi minne om den drepande kritikken mot norsk presse, og især mot norske politikarar, som kjem fram i Ørjan Østviks hovudfagsoppgåve i historie ved Universitetet i Tromsø: "Norge og Kambodsja - en studie av bakgrunnen for Røde Khmer-regimet, og norske holdninger til Kambodsja i perioden 1975-1991". Friheten er den einaste norske avisa som får full honnør i den historiske gjennomgangen.
Hartvig Sætra