Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser1999

Kanskje vi nå skal snakke om etnisk demokrati?

I 1994, da Norge sto midt i den siste EU-striden, var vi også midt oppe i den opprivende krigen i Bosnia. Den gongen peika eg på det ulogiske i at NEI-partia i Norge ikkje var villige til å la dei serbisk-dominerte regionane i Bosnia og Kroatia få velje si eiga statstilknyttning. Med den historiske bakgrunnen i minne var det lett å sjå at det var langt meir akseptabelt for Norge å gå inn i EU enn for Krajina og Slavonia å bli ein del av Kroatia. Like fullt var dei norske Nei-partia villige til å bombe serberane inn i statskonstruksjonar som dei avskydde. Det var - og er - ein grotesk situasjon. Og når dei samme partia går inn for å tvinge Kosovo ut av Serbia - også denne gongen ved å bombe serberane - da går dobbeltmoralen over alle støvleskaft.

Sjølvsagt gjer det inntrykk på oss alle når flyktningane strøymer ut av Kosovo. Men da dei serbiske flyktningane kom på samme vis frå etnisk reinsa område i Kroatia, var vi ganske få som vart opprørte. Da såg vi ingen ting til sjefen i det som ein Dagblad-kommentator kalla "NATO-revyen". Serberane sveitta og svalt seg gjennom eit fiendtleg Kroatia, der folk spytta og kasta stein og skaut på forsvarslause menneske. Mens vestleg presse nærmast kom med heiarop og fortalte oss at "det er slutt på den serbiske okkupasjonen av Krajina".

Kan eit folk okkupere seg sjølv? Ville vi kalla det "albansk okkupasjon" dersom dei serbiske styrkane blei drivne ut av Kososvo? Mediefolk som har akseptert slike ting, skal ikkje undre seg over at det serbiske styret brukar Vestens propagandamanøvrer frå Krajina og overfører dei til Kososvo. Det er mange vestlege pressefolk som i desse dagar møter seg sjølve i døra, når dei stiller på pressekonferanse hos Milosevic.

----------

Dersom folk blir behandla som dritt, blir dei ikkje snille av det. Den lange lidingshistoria til palestinarane, som vestleg opinion heldigvis har begynt å begripe, viser dette ganske klart. Like fullt har Vesten trudd at etter etnisk reinsing av 750 000 serberar, vesentleg i Kroatia, skulle Serbia ganske frivillig gå med på å overlate Kosovo til albansk gerilja - med det sikre resultat at det ville komme 200 000 nye flyktningar derfrå. Framleis utan at landet får hjelp til flyktningane, og utan at blokaden blir heva. Ingen nasjon på denne jord ville funne seg i slikt.

Serberane er, like lite som palestinerane, fødd med "gener for terrorisme". Som alle andre folkslag på denne jorda ville gjere, reagerer dei ganske logisk og normalt på ei heilt unormal behandling. Og dermed blir resultatet ein katastrofe. Men denne katastrofen må også andre dele ansvaret for: Dei som med fullt overlegg la grunnen for etnisk reinsing i Kroatia - i første rekke Tyskland og USA, men også den norske regjeringa og stortingspartia, inkludert SV.

-----------

Korleis skal vi få slutt på tragedien som er i gang akkurat nå? I alle fall ikkje med meir bombing og fleire rasistiske utfall mot serberane. Skal den endelause tragedien på Balkan ta slutt før ein enda større katastrofe slår inn, må statane i det tidlegare Jugoslavia tvingst til å legge korta på nytt. Ikkje minst må skrustikka settast på Kroatia, med krav om tilbakeføring av den serbiske befolkninga, og at Krajina og delar av Slavonia må få samme status som Kosovo. Men også Bosnia er eit tema: Nå må serberane i Srpska bli garantert sjølvstyre og sikrast mot muslimsk okkupasjon og etnisk reinsing. For dersom det skjer i Srpska, vil talet på etnisk reinsa serberar stige til mellom to og tre millionar, og Rest-Serbia vil bli eit europeisk Gaza.

Personleg trur, ut frå mine serbiske kontakter, at serberane vil krevje mindre enn dette for å akseptere tilbakeflytting til Kosovo og ein fri status i provinsen. Til sjuande og sist vil også serberane tene på innføring av etnisk demokrati i området.

-----------

Kva betyr begrepet "etnisk demokrati"? FN har hatt eit arbeid gåande for å gjere noko med dei mange kunstige statsgrensene som imperialismen etterlet seg. I dag er det desse grensedragningane som er den suverent viktigaste årsaka til krig, flyktningestraumar og svolt. Skal vi stoppe overgrepa mot menneska, må vi rydde opp i statsgrense-kaoset. Ved inngangen til nittiåra forsto alle med eit minimum av innsikt at dei aller fleste statsgrensar i verda er kunstige og resultat av maktovergrep. Derfor hastar det det å gjere noko med dette.

Dessutan er det eit spørsmål om demokrati. Etter at folk flest har fått stemmerett, etter at bønder, arbeidarar og kvinner har kjempa og oppnådd større fridom, står det eitt einaste område igjen der det rådar brutalt diktatur i eit fleirtal av verdas stater. Det dreier seg om etnisk sjølvråderett.

FN var i gang med å utarbeide ein konvensjon for etnisk demokrati først i nittiåra, og det var laga eit råutkast til ein FN-konvensjon i det danske Folketinget, i eit utval under leiing av den konservative partileiaren Per Stig Møller. Men i 1994 blei brått heile konvensjonen lagt vekk, nærmast i panikk.

Korfor ei så dramatisk vending? Det handlar neste artikkel om.

Hartvig Sætra

Etnisk demokrati? (2)

Forrige artikkel viste til FNs planar om etnisk demokrati først i nittiåra. Viktige delar av forarbeidet til konvensjonen var delegert til det danske Folketinget, spesielt Det Sikkerhedspolitiske udvalg under formannen Per Stig Møller, seinare konservativ partiformann. Møller var ein drivkraft bak arbeidet, og hans kronikk i "Informastion" i aug. 94 er framifrå. Der seier han bl.a.: "Når låget taes av gryderne, bobler innestængt utilfredshed og ufordraglighed op. Vi har set det i ex-Jugoslavien og Rwanda. Vi ser det adskillige deler stede i Afrika".

I følgje Møller er dei grunnleggande prinsippa i konvensjonen at eikvar etnisk gruppe som dominerar delar av ein stat, har rett til å velje styresett og statleg tilknytningsform gjennom frie, demokratiske val. Dette skal skje uansett om styresmaktene i den aktuelle staten set seg imot ordninga.

Men dette at konvensjonen ville kunne brukast for å rettferdiggjere serbiske krav i Kroatia og Bosnia, blei eit dødsstøt mot den. Store nasjonar som Tyskland og USA tok straks kveletak på dette initiativet. Det vart ikkje berre lagt i isskapet, men vestlege journalister har tydelegvis bestemt seg for at denne konvensjonen ville kunne brukast fullt ut av det albanske fleirtalet i Kosovo!

Årsak? - Det ville avkle det hyklerske og udemokratiske hånsordet "storserbisk nasjonalisme" ein gong for alle, og gjere kravet om fristilling av serbiske fleirtalsområde til ei legal sak i tråd med FN-pakta. Det ville likestille albanske krav i kosovo med serbiske i Kroatia og Bosnia.

Med ein slik konvensjon i funksjon innan FN-systemet, ville tre ting ha skjedd: 1) Krajina og Slavonia ville fått sjølvstyre, anten innanfor eller utanfor Kroatia. 2) Dei serbiske områda i Bosnia ville fått ei fri stilling. 3) Kosovo ville kunna gjort krav på samme status som desse regionane.

Ei legalisering av Kosovos krav på sjølvstende gjennom FN hadde gjort det sansynleg at Tryggingsrådet ville vedtatt FN-inngrep i Kosovo. Eit trugsmål om sanksjonar og til og med militært åtak ville stått sterkt også overfor den serbiske befolkninga. Serbisk opinion ville blitt splitta. Og det ville vore vanskeleg å få serberane til å fylke seg bak styresmaktene for å halde fast ved Kosovo, dersom serbiske regionar i samme stilling allereide hadde fått fri status etter konvensjonen, eller var lovt å få det. Den serbiske befolkninga er ikkje abnorme djevlar. Dei er nokså lik oss alle andre. Deira rettferdssans er lik vår. Det er faktisk det som er vårt problem.

Slik situasjonen er i dag, har alle vestlege aksjonar gått i serbisk disfavør i svært brutal og urettvis grad. Det er ikkje berre serberane som ser det slik. Den amerikanske Balkan-eksperten Yossef Bodansky har i boka "Offensive in the Balkans" (1995) stadfesta dei aller fleste serbiske anklagene mot Vesten og Vestens media, med eit imponerande fakta-materiale. Og Bodansky er ingen kemsomhelst i amerikansk politikk. Han er forskningsdirektør i International Strategic Studies Association, og direktør for Kongressens utval for terrorisme og ukonvensjonell krigføring, og har gitt ut fleire bøker om internasjonale spørsmål. I åttiåra var han Senior Consultant for både amerikansk UD og Pentagon. Han er den fremste opponenten mot USAs Balkan-politikk på administrativt og vitenskapeleg topp-nivå.

----------

Mange serberar er usamde med Milosovics parti i sentrale spørsmål. Frå ei tid tilbake opplevde vi Serbia som ein svært splitta nasjon, og demonstrasjonane i Beograd var omfattande, likeså var støtten frå Vest til dei oppsisjonelle formidabel. Den gongen forsøkte vestlege media å hevde at opposisjonelle ville gi både Kroatia, Bosnia og Kosovo på båten. Men det var ei tvers gjennom løgnaktig framstilling. Opposisjonen var like fortørna overfor vestlege media og Vestens urettar som Milosovic sjølv. Usemja dreide seg om heilt andre forhold. Derfor sluttar opposisjonen fullt og heilt opp om statens politikk i dag. Det ville neppe vore tilfellet dersom serberane i Kroatia og Bosnia hadde fått rettferdig behandling av verdssamfunnet tidlegare. Serberane føler nå at dei ikkje har meir å tape, derfor kan dei like godt løpe lina ut i Kosovo. Vi kan fordømme det til vi blir blå. Men for å stoppe serberane i dagens situasjon må vi vere villige til å bruke bakkestyrkar, og dermed ofre fleire liv enn både den serbiske offensiven og den etniske utreinsinga har kosta.

Som alltid før på Balkan har NATO valt den mest brutale og skjebnetunge løysinga på problema, ut frå rasistiske ryggmargsrefleksar mot serberane. Det samsvarer godt med konklusjonane i Bodanskys bok. Skal det halde fram slik? Og kor mange menneskeliv skal dette vanvitet koste, både i Kosovo og sjølve Serbia?

----------

Er det for seint å vekke til live "Møller-konvensjonen" og bruke den på Balkan? Når det gjeld Kroatia kan det sjå ut som løpet er kjørt. mer enn 550 000 serberar er kasta ut, dei fleste uten ein dinar i kompensasjon for tapt jord og bustad. Enkelte har i følje Helsingforskomiteén fått omlag 10% av verdien. Staten Kroatia, og eventuelle tyske og østerriske tidlegare jordeigarar, kan håve inn milliardar frå ein serbisk befolkning som frå før var nasjonal underklasse. - I Bosnia er det ennå ikkje for seint, men det hastar før Izetbegowitz set i gang med etnisk reinsing.

I lengda kan ikkje Serbia klare seg mot NATO. Det er truleg at Serbia mistar Kosovo, og at talet på etnisk utreinsa serberar veldig snart vil overstige ein million, i eit utfattig og utbomba land.

Da vil snart Vesten ha nådd lenger i å ta knekken på den serbiske nasjonen enn Hitler klarte. Det har vi Yossef Bodanskys ord for.

Hartvig Sætra