Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Leserinnlegg - Kvifor vi skal akseptere kommunisme i 1.mai-toget

Motinnlegg til FpUs kritikk i FVN av bruk av kommunistiske symboler i 1.mai 

Kvifor vi skal akseptere kommunisme i 1.mai-toget

I Fædrelandsvennen 03.05.18 undrar Georg Emil Tellefsen frå Agder Fpu på kvifor kommunistiske symbol er lov i 1.mai-toget i Kristiansand. Det er om lag som å spørje kvifor bilete av Jesus får lov til å hengje i kyrkja på langfredag.

1. mai er den internasjonale arbeidardagen, og for oss kommunistar flest er det den viktigaste dagen i året. Hammaren i flagga våre symboliserer arbeidaren, medan sigden står for bonden. Arbeidar og bonde hand i hand!

Tellefsen meiner at LO må ta ansvar og halde kommunistiske element borte frå toget, men der møter han eit større problem. Vi norske kommunistar står i lag med fagrørsla, og har gjort det i lange tider. Er du kommunist, skal du også vere fagorganisert.

Når det gjeld deltaking i 1.mai-toget, vert dette styrt av ein 1.mai-komite, og alle forslag til parolar må verte godkjent av denne. Så får ein vel heller konstatere at Fpu ikkje er ein del av LO-toget, men står i bakgrunnen med til dels provoserande og sjikanerande fagforeiningskritiske slagord.

Vidare kjem den etter kvart så kjende samanlikninga mellom hammar og sigd og hakekrossen. Ville det ikkje verte rabalder om hakekrossen vart representert i 1.mai-toget? Jau, sjølvsagt, og med rette, men nazismen og kommunismen er trass i alt to diametralt motsette ideologiar.

Vi kommunistar kjempar for arbeidarane sine rettar der eit klasselaust samfunn utan større skilnad mellom folk er målet, medan nazistane vil noko heilt anna.

Så til debatten om kva for ein ideologi som har flest liv på samvitet, eg vil utan tvil hevde det er kapitalismen, og derunder den mest perverterte forma, imperialismen, som har ført millionar på millionar ut i endelaus utbytting og fattigdom. Den diskusjonen får vi ta ein annan gong, men det er likevel ein hån å nemne nazisme og kommunisme i same andedrag når me no skriv frigjeringsdagen 8.mai. 

Sovjetunionen ofra trass i alt tett på 27 millionar menneske i kampen mot nazistane. 

Vi kommunistar er stolte av å feire 1.mai, det er vår dag, og vi held fana høgt og stolt. Agder Fpu får aldri stoppe oss! 

 

Paul-Johan Jensen, Distriktslagsleder av NKP Agder og Telemark

 

Oppdatert: 03. juni 2018