Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser2000

Opptrent av USAs Kosovo-styrke?

Tanjug melder frå Urosevac i Kosovo at albanske nasjonalistar blir trent i geriljakrig av USA-offiserar, som offisielt hører til KFOR-styrken, på Bondsteel-basen utafor Urosevac. Basen er offisielt administrert av FN.

Mannskapa kjem til basen i sivil, og er offisielt "tilsette ved firmaet Brian Roth&Co". Men staks dei er inne på basen, får dei amerikanske uniformer på, og dei får trening av amerikanske offiserar. Treninga går ut på å "underordne ein fiendtleg befolkning", "slå ned opprør" og "drive ut fiendar".

Dei mange uoffisielle rapportane om denne leiren har skremt både serberar og andre ikkje-albanske innbyggarar i området.

Kjente avgåande utanriksminister Vollebæk til det som foregår på Bondsteel-basen? Vil regjeringa Stoltenberg og spesielt utanriksminister Jagland undersøke saka?

Hartvig Sætra