Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
HjemForsideImportedUttalelser1999

USA lovar å "hjelpe" serbisk opposisjon

Under press frå den serbiske opposisjonen vil USA heve dei økonomiske sanksjonane mot Milosevic-styret. Vilkåret er at det så snart som råd blir halde frie val i Serbia. Hittil har Clinton stått steilt på at sanksjonane må halde fram så lenge Milosevic styrer. (Norske styresmakter er framleis like steile).

Grunnen til Clintons snuoperasjon er at opposisjonen har lovt å stå saman. Meiningsmålingar kan tyde på at opposisjonen i så fall kan vinne. Men det er langt frå sikkert.

Derfor seier ein amerikansk regjeringstalsmann det slik til New York Times, i følgje Burchardt i Information: "Hvis han mod forventning vinder, vil USA påstå valgsvindel og fastholde sanktionene"!

Det sa ein talsmann for USAs demokratiske regjering.

Hartvig Sætra