"Wer soll das bezahlen?"
Så heiter det i ei gamal drikkevise frå det lystige Berlin. Denne strofa fell meg i hug når eg ser sjukehusdirektørar laina opp i søkk og kav, og lærarar som rasar over budsjett og lønner, i lag med elevar som protesterar mot dyre lærebøkar og nedslitte skolar. Nå sist var det filmfolk, som er sure fordi dei får mindre pengar til å produsere sjikane-filmar om Bygde-Norge som ingen orkar å sjå.
Bortsett frå den sistnemnde er alle protestane mot den offentlege pengemangelen og nedskjeringane på sin plass. Det er ei skam at skole, helse, eldreomsorg og kultur skal råkast av aukande offentleg fattigdom i ei tid da Norge er rikare enn nokon gang før, og rikare enn dei fleste land som har ein like godt utbygd velferdstat.
For den som kan dei fire rekningsartane, som det heitte i den gamle skolen, er det opplagt at når heile butikken Norge går betre enn før og samtidig Velferds-Norge er fattigere enn på lenge, så må pengane bli av ein stad. I og med at vanlege lønnstakarar har fått lite av det reultatet som den subtraksjonen gir, må det ha hamne i det private forbruket utanom Velferds-Norge. Med andre ord: Dei rike er blitt veldig mykje rikare, samtidig som vi andre slåst om smulane i Statens grisebinge, som Vinje sa det så treffande for 150 år sia.
Og vi sluttar aldri slåst om desse smulane. For alle ropar om å få større del av den minkande samfunnskaka, men ingen vil kjempe for å bake kaka større. Derfor blir alle desse rettkomne krava sett fram utan forsøk på å anvise dekning.
Og det mest betenkelege av alt i eit demokratisk samfunn er dette: Det er ingen frå den fjerde statsmakt, dei såkalla "kristiske journalistane", som nokon gong stiller lektor Olsen eller sjukhusdirektør Schrøder det enkel spørsmålet frå den tyske drikkevisa. For dersom lektor Olsen skal ha høgare lønn, og direktør Schrøder skal gjere Nord-Norge friskare, så må eit av to skje:
1. Olsen og Schrøder må rake til seg pengar som elles skulle gått til vegbygging eller teater.
2. Olsen og Schrøder må kreve at den offentlege kaka blir større og at dei skal nyte godt av auken.
Både Olsen og Schrødar pliktar å gjere det heilt klart kva for ei av dei to løysingane dei står for. Å la det vere, er ulogisk og uredeleg. Den som krev auka løyvingear til eigne føremål utan å vise vilje til å auke samfunnskaka, skal ikkje sleppe unna ansvaret med å forsvare at auka løyvinger til sjukehusa skal før til nedskjæringar i bibliotek og barnehagar.
Det blir så ofte snakka om "politikarforakt". Men dersom demonstrantane vik unna å ta i bruk dei fire rekningsartane, kan det like gjerne vere bruk for "demonstrant- forakt". Ein god del av dei som demonstrerar, har dessutan stemt på parti som vil gjere samfunnskaka mindre ved å gi skattelette, fortinnvis til dei rike. I slike tilfelle blir den logiske bristen enda større. kanskje vi også bør innføre begrepet "veljar- forakt"? og kva med dei journalistane som aldri vil/tør stille spørsmål om dekning for krava, og som er vettskremte for å stille dei nyrikes aukande forbruk i kontrast til nedskjæringar i sjukehus og skolar?
Derfor er "politikarforakt" heilt forfeila, dersom ein skjer alle politikarar over ein kam. Det finst faktisk politikarar som viser ansvar ved å gå inn for å auke samfunnskaka i staden for å skjere ho ned. Men dei stemmer ikkje folk på - heller ikkje dei som demonstrerar mot offentleg fattigdom i eigen sektor. derfor vil den offentlege fattigdomen halde fram.
Til glede for kven?
Naturlegvis mest for dei nyrike, som sit klar til å investere dei pengane dei sparer i skatt, i privatisering av sjukehus, eldreinstitusjonar og skolar. Så lenge demonstrantane i offentleg sektor kvir seg for å foreslå høgare skattlegging av dei rike, grev dei grunnlaget under eigen protest, same kor rettferdig den enn måtte vere.
Hartvig Sætra